Quality Hotell Sogndal-88.jpg

Mandag - laurdag: 15:00–23:00 à la carte til 22:00

Sundag: 14:00–22:00 à la carte til 21:00

+47 456 02 392

Vågal Burger & Gin

Hjå Vågal løftar me burgeropplevinga eit hakk. Med 99 % norsk Angusstorfe som utgangspunkt, heimelaga dressingar og friske grønsaker skapar me smakar som både overraskar og begeistrar.

Menyen spenner frå klassiske kombinasjonar til meir dristige variantar med t.d. gorgonzola, whiskey-dressing, piri piri og braisert løk. Me har òg smakfulle alternativ for deg som er vegetarianar eller veganar.

Hadde du hamburger til lunsj? Prøv fisk, kylling eller salat.

Fortvil ikkje om det har blitt mange hamburgerar i det siste, du kan alltids prøve ein av dei klassiske grillrettane våre. Dei dyktige kokkane våre er ekspertar på å traktere ein grill, men veit å setje saman ein framifrå salat òg.

Milkshake til dessert?

Milkshake er ein kjær følgjesven til rettane på Vågal. Me har alle klassikarane – jordbær, vanilje, karamell og sjokolade, men Oreo er vår favoritt. Rund gjerne av med vår herlege ostekake.

Bar med alle skjenkerettar

Vågal Burger and Gin er også ein sosial møteplass og bar med alle skjenkerettar i lune og trivelege lokale. Som namnet antyder har me over snittet sortar av gin, men me har også eit rikt utval av lokalt øl og gin, i tillegg til ei rekkje kaffidrinkar, cocktails, vin, mineralvatn og juice.

Takeaway

Vågal leverer alt på menyen også som takeaway.
Ta med deg ein burger heim til middag i dag!