Quality Hotell Sogndal-106.jpg
 

Eppel Bar & Restaurant

Topp restaurant og bar i Sogndal

I Eppel Bar & Restaurant får du boltre deg fritt i det ypparste av den gode maten våre dyktige kokkar er så kjende for.

Restauranten tilbyr alt frå frukostbuffet, lunsj, kveldens middag og selskapsmenyar. Ta kontakt med salsvdelinga for tinging og for meir informasjon om det vi kan tilby.

Frukostbuffet kan kjøpast direkte i resepsjonen på hotellet.

 

Bar med alle skjenkerettar

Eppel Bar er også ein sosial møteplass og har ein velfylt bar med alle skjenkerettar. Me har naturlegvis eit godt utval internasjonale drikkevarer, men me har også godt utval av lokale ølsortar frå Balder og Ægir i tillegg til ei rekkje kaffidrinkar, cocktails, Prosecco, mineralvatn og juice.

Etter middagen, løpeturen, konferansen eller rett og slett etter ein lang dag, er det avslappande å sette seg ned med noko godt i glaset og nyte atmosfæren i baren. Eppel Bar er den naturlige møteplass for ein forfriskande drink og sosialt samvær, og vi tilbyr både shuffleboard og biljard. Kom inn og spill, heng med venner og nyt atmosfæren.

 
 

OPNINGSTIDER

Eppel Restaurant: kun ved tinging på førehand. Ta kontakt med salsavdelinga på epost eller 57 62 77 00.

Frukostbuffet

Mandag - fredag: 06:30-10:00

Lørdag - søndag: 07:30-10.30

Eppel Bar

Tirsdag - torsdag: 19:00-24:00

Fredag - laurdag: 19:00-02:00