Full Inspection.jpg

Svanemerket

Quality Hotel Sogndal arbeider systematisk med ressurssparing. For oss er det ei stadfesting på at vi gjer dei rette tiltaka når vi klarar å innfri Nordens tøffaste miljømerke. Det å vere eit svanemerka hotell inneber at hotellet har lågt energiforbruk, nyttar kjemikaliar med låg miljøbelastning, og arbeider aktivt for å minske avfall og vassforbruk. For å bere Svanemerket må vi oppfylle meir enn 44 obligatoriske kriterium, fastsatt av Svanen.

Grønn konferanse

Konferanse

Arranger ditt neste kurs hjå oss og få full innsikt i arrangementet sitt fotavtrykk. Etter konferansen kan du motta ein miljørapport som syner utslepp av karbondioksid, energi og bruk av vatn direkte knytt til ditt arrangement.

Omtanke for ressursane – og for deg

Me likar å spare på ressursane - men aldri på opplevinga. Service og komfort skal vere i toppsjiktet, sjølv om vi har tøffe krav å etterstrebe. Vi har installert smarte system som skrur ned energibruken når hotell- og møterom ikkje er i bruk, og i fellesareala hjelper teknologien oss med å halde det totale forbruket nede. Vi tek stadig nye steg for å optimalisere drifta vår. Våren 2024 skrudde vi av all gass på begge kjøkkena våre og gjekk over til 100 % elektrisk drift. I 2025 har vi bytt ut 3418 av 4962 lyspunkt med energieffektive LED-pærer – og dei resterande står sjølvsagt for tur. 

Ein liten endring kan gjere ein stor forskjell. På frukostbuffeten har vi eit enkelt, men genialt grep: litt mindre tallerknar. Strawberry har gjennomført eit forskningsprosjekt som viser at positiv kommunikasjon med oppfordring om å ete opp maten på tallerkenen, saman med mindre tallerknar, har god effekt. Frå eit snitt på 0,45 kg matavfall per gjest i 2021, ligg vi så langt i år på 0,37 kg per gjest. Sjølv om tala varierer litt frå år til år, jobbar vi kontinuerleg og målretta for å presse matsvinnet vårt endå lenger ned. Dusjane våre gir deg framleis den deilige hotellkjensla, men smarte munnstykke avgrensar vassforbruket. På kranane i fellesareal er det sensorar som sørgjer for at vatnet kun renn når du treng det. Desse tiltaka gir konkrete resultat: Frå 2024 til 2025 reduserte vi det totale vassforbruket på hotellet frå 11 494 012 liter til 11 039 870 liter – ei innsparing på nesten ein halv million liter vatn på eitt år.

I Strawberry-kjeda utfører vi ikkje dagleg reingjering av rom for buande gjestar med mindre gjesten spesifikt ber om det. Kvart reingjort rom brukar i snitt 23 liter vatn, 1 kWh energi og 6 ml kjemikaliar, i tillegg til ressursane som går med til vask av sengetøy og handkle. Reduksjon i forbruket av desse ressursane bidreg direkte til reduserte utslepp.  Også når vi pussar opp, prioriterer vi gjenbruk framfor å kjøpe nytt. Sidan oktober 2024 har vi pussa opp 72 rom med hovudfokus på redesign og utnytting av eksisterande materiale. Denne tilnærminga har også gjort at 26 andre hotellrom kan skilte med nye, redesigna møblar.

Me har eit strengt system for avfallshandtering, der vi har omfattande kildesortering i alle ledd av den interne drifta vår. Vi har også eliminert eingangsartiklar på hotellromma i henhold til krava frå Svanemerket. Ansvarleg drift handlar om meir enn berre ressursutnytting; det handlar også om menneska bak produkta. Etisk handel gjeld alt frå kaffien du får i koppen, til sengetøyet du drøymer deg vekk i, og vaskemiddelet som gjer handkleda våre mjuke. Programmet vårt, WeCare, sørgjer for at produkt og tenester alltid er valde med respekt for menneskerettar og verdige arbeidsforhold, noko som mellom anna er dokumentert gjennom medlemskap i Etisk Handel Norge.

Mykje av arbeidet er synleg, men det meste føregår i kulissane. Under utbygginga i 2019 var energieffektivisering eit hovudkrav for å sikre ei mest mogleg ressurseffektiv drift. Høg termisk isolasjon gir minimalt med varmetap, og saman med autostyring på romma sikrar dette eit redusert energiforbruk. Hotellet er også knytt til det lokale fjordvarmenettet. Det gjer det mogeleg å nytte avansert varmepumpeteknologi til å hente energi frå fjorden til både romoppvarming og varmt forbruksvatn. Om sommaren nyttar vi det kjølige fjordvatnet til luftkjøling ved direkte varmeveksling, heilt utan bruk av straumkrevjande kompressorbaserte kjølemaskiner.

For å produsere vår eigen, fornybare straum, tok vi i august 2022 eit nytt stort steg og installerte 800 kvadratmeter med solcellepanel på taket. Frå oppstarten og fram til august 2026 har desse panela forsynt oss med heile 250 308 kWh sjølvprodusert energi. Å minske klimaavtrykket vårt er ein kontinuerleg prosess, og målet vårt er ei ressurseffektiv og ansvarleg drift i absolutt alle ledd.