Quality Hotell Sogndal-95.jpg

OPNINGSTIDER

Mandag - lørdag: 16:00 - 23:00

à la carte til 22:00 pizza til 22:30

+47 457 26 892

 

La Pergola

Italiensk restaurant i Sogndal

La Pergola i Sogndal er spesialistar på italienske rettar av både kjøt, fisk, kylling, pasta og pizza. Våre dyktige kokkar lagar alt frå botnen og vil gjerne overraske deg med den ekte smaken av Italia. Bestill takeaway på nett HER!

Bruschetta, carpaccio, parmaskinke og mykje meir – du finn garantert din italienske favorittsmak hjå oss. Me har òg salatar og pizza til deg som føretrekkjer vegetar- eller vegan-kost – og dessertane våre er eit eventyr av sjokolade, bær, fløyte og mykje meir.

 

Italienske spesialitetar

Me er stolte av tilbodet vårt av smårettar og antipasti. Her finn du spesialitetar carpaccio av okse, laks og kalv; spekefat med parmaskinke og salami; og ikkje minst ferske, heimelaga focaccia og bruschetta.

Våre Secondi spenner over grillrettar av okse eller hjort, fiskerettar etter sesong, salatar, pasta og pizza. Mange av pastarettane våre vil du kjenne att som klassikarar bygd på favorittar som spaghetti, garganelli, tagliatelle og lasagna. Dessutan har me alltid minst ti variantar av italiensk pizza på menyen.

 

Uteservering

Som namnet vårt speglar har me ein romsleg, overdekt uteservering med sol til langt på kveld når vêret er med oss. Blir det for friskt ute er du velkomen til å setje deg inn i den trivelige restauranten vår dekorert med lune innslag av anglo-italiensk populærkultur. Frå bordet kan du dessutan følgje med på kokkane våre medan dei gjer sitt ytterste for at måltidet ditt skal bli ei oppleving.

 

Bar med alle skjenkerettar

La Pergola er også ein sosial møteplass og har ein velfylt bar med alle skjenkerettar. Me har naturlegvis eit godt utval italienske drikkevarer, men me har også eit rikt utval lokale ølsortar frå Balder og Ægir, i tillegg til ei rekkje kaffidrinkar, cocktails, Prosecco, mineralvatn og juice.