Konferanse

KONFERANSE

Som kursleiar er du i trygge hender hjå oss! Det du treng av teknisk utstyr er tilgjengeleg, trådlaust internett er gratis for alle deltakarar, og trivelege medarbeidarar hjelper deg både før og under arrangementet ditt.

 

I vår største konferansesal, Sogndalssalen,  kan vi arrangere kurs og konferansar for inntil 300 deltakarar. Salen kan delast i tre, og såleist tilpassast ulike deltakartal. I tillegg har vi ni andre konferanselokale som kan nyttast.

 

Totalt har vi tolv møtelokale i ulike storleikar som kan brukast til store og små, lange og korte, enkle og eksklusive, tradisjonelle og kreative møte. Dersom du skal ha eit lite møte, kan kanskje ein av våre suitar vere eit høveleg møterom?

 

Last ned ei pdf-fil med info om kapasitet her

 

Vårt konsept med dagpakke og kk-pakke syter for ramma rundt arrangementet med nødvendige fasilitetar, samt eit utsøkt mattilbod. Ynskjer du å krydra mattilbodet har me ein spanandes pausematmeny som står framme i konferansesalen eller møtelokalet. Våre dagpakkar inkluderar leige av møtelokale/konferansesal med det beste innan teknisk utstyr, dagens lunsj og pausematbuffé. Prisar er dynamiske frå dag til dag, kontakt vår salsavdeling på 57 62 77 00 for eit pristilbod.

 

Andre møtetilbod u/dagpakke:

 

Frukostmøte: Start dagen med frukostbuffé og møte i Compagniet Restaurant. Ofte kan det vera godt å ta dei små møta over ein god hotellfrukost. Til kr. 80,- per person kan du starta dagen på beste måte.

 

Lunsjmøte: Om du ikkje har behov for eit møtelokale, men ynskjer eit lite lunsjmøte, då kan me tilby deg dagens lunsj i Compagniet Restaurant til kr. 260,- per person. På dagar der me har over 50 kursgjeser på hotellet har me alltid lunsjbuffé, ellers er det 2-rettar som gjeld. Ta kontakt med vår salsavdeling på 57 62 77 00 for å få vita dagens lunsjmeny.

 

Kveldspakke: Nokre møter lyt ein halda på kveldstid, og me ynskjer å tilby mykje det same konseptet på kveld som våre gjester på dagpakke og heilpensjon får. Frå kr. 380,- per person kan me tilby ein KK-kveldspakke som inkluderar: (føreset at møtet er på over ti personar)

- Leige av møtelokale

- Kveldens 2-rettar middag

- Pausematbuffé (sjå her)

 

Ynskjer du ingen av våre pakkar, men eit "enklare" møtetilbod, ta kontakt på telefon!
Sjå eventuelt vår smårettmeny her!

 

Vel møtt!

Molecule & Netflex Sviggum Design