Banner.png

Selskap og arrangement

Selskap & Events

Quality Hotel Sogndal gir deg ei flott ramme rundt ditt arrangement. Me hjelper deg gjerne med små selskap, store selskap eller events.

Lat oss ta ansvaret for det praktiske. Vi dekkar høgtideleg opp til dykkar familie og vener i eit av våre selskapslokale, og vi ordnar gjerne eigne menyar og leikekrok med underhaldning for dei minste gjestene.

Har du med eigne kaker kan vi dekke opp, setje fram kakebord og servere til kaffien mot eit lite tillegg. Ta kontakt med vår salsavdeling på 57 62 77 00 eller send ein e-post til booking.sogndal@choice.no for å få hjelp og idéar til løysingar, og for prisar og forlsag til pakkar.

Dersom du vil arrangere festen heime har me også eit cateringtilbod. Ta kontakt med salsavdelinga for meir informasjon.

Konfirmasjon

Konfirmasjonsdagen er ein milepæl for både konfirmant og foreldre. Legg arrangementet til oss, og vi ordnar alt av dekking, pynting, servering av mat og drikke, gåvebord, kakebord mm.

Bryllaup

Ein fantastisk dag for deg og gjestene, og vi ordnar alt frå pynting og servering til gåvebord, kakebord, bar og dans. Kva med ein staselege suite som perfekt avslutningdagen? Frukost på rommet, fruktfat, musserande vin og sein utsjekk? Ein dag i livet må det vel vere lov?

Dåp

Ein barnedåp er ein viktig merkedag for familie og nær vener. Kanskje får de ikkje sett desse personane så ofte?  Då kan vi ta oss av pynting, servering av mat og drikke, ordning av gåvebord og kakebord slik at de kan nyte dagen med dykkar næraste.

Minnestund

Me kan på kort varsel leggja til rette for ei verdig minnestund. Vår standard minnestundsmeny er svinesteik og kjøtkaker med blautkake til dessert, men snittar og smørbrød er òg eit alternativ dersom ynskjeleg. Kontakt oss på 57 62 77 00 for nærare informasjon.

Soho

SOHO

SOHO er ein moderne nattklubb på Quality Hotel Sogndal. Lokale kan både nyttast i kombinasjon av selskapsmiddag i lukka lokale, og åleine som festlokale. Vi har kapasitet til 400 personar og moglegheit til eigen DJ eller speleliste. Ta kontakt med salsavdelinga vår for booking av lokale.