Meny

Menyen på Vågal er ein draum for deg som er glad i hamburger, men du finn òg klassiske alternativ som biff eller vegetar.

Takeaway

Vågal leverer alle hamburgerane og rettane som takeaway. Ta med deg ein burger heim i dag!

TripAdvisor
Bedre kunnskap. Bedre bestilling. Bedre reiser.
TripAdvisor-reisendes vurdering
4.5 av 5 bobler
Basert på 23 anmeldelser fra reisende
TripAdvisor-vurdering #2 av 17 spisesteder i Sogndal
© 2017 TripAdvisor LLC

Vågal Burger and Gin i Sogndal er spesialistar på gourmet hamburger av Angus storfe frå Vestlandet. La oss tirre smaksløkane dine med ein saftig burger med tradisjonelle, spicy eller dristige kombinasjonar.

Barbecue, chipotle, bacon, pulled pork, cheddar, chorizo og mykje meir – du finn garantert din favorittsmak hjå oss. Me har òg burgerar til deg som føretrekkjer vegetar- eller vegan-kost, og kvar månad presenterer me ein ny og spennande “Burger of the month”!

Hadde du hamburger til lunsj? Prøv fisk, kylling eller salat.

Fortvil ikkje om det har blitt mange hamburgerar i det siste, du kan alltids prøve ein av dei klassiske grillrettane våre med laks, kylling eller biff. Dei dyktige kokkane våre er ekspertar på å traktere ein grill, men veit å setje saman ein framifrå Cæsarsalat òg. 

Milkshake, frappé og dessert

Milkshake er ein kjær følgjesven til rettane på Vågal. Me har alle klassikarane – jordbær vanilje, karamell og sjokolade, men Oreo er vår favoritt. Rund gjerne av med ein frappé og og husets eigenkomponerte vaniljeis-burger med peanøtter og salt karamellsaus. 

Bar med alle skjenkerettar

Vågal Burger and Gin er også ein sosial møteplass og bar med alle skjenkerettar i lune og trivelege lokale. Som namnet antyder har me over snittet sortar av gin, men me har også eit rikt utval lokale ølsortar frå Balder, Ægir, Voss, og 7 Fjell, i tillegg til ei rekkje kaffidrinkar, cocktails, musserande vin, mineralvatn og juice.

Takeaway

Vågal leverer alle hamburgerane og rettane som takeaway. 
Ta med deg ein burger heim til middag i dag!


Opningstider

Måndag: 15:00–23:00
à la carte til 22:00

Tys–laur: 15:00–00:00
à la carte til 22:00

Søndag: 13:00–23:00
à la carte til 22:00


Bordreservasjon – Vågal Burger & Gin

Merk at reservasjonen kan bli annullert dersom du ikkje møter innan 15 minutt frå reservert tid. Ved reservasjon for 10 eller fleire personar treng me å avtale meny på førehand. Ring oss gjerne på 57 62 77 00.