Meny

Ei rekkje fristande italienske rettar, både pasta, fisk, kjøtrettar og sjølvsagt pizza. Baren har også alle skjenkerettar.

TripAdvisor
Bedre kunnskap. Bedre bestilling. Bedre reiser.
TripAdvisor-reisendes vurdering
4.0 av 5 bobler
Basert på 124 anmeldelser fra reisende
TripAdvisor-vurdering #1 av 17 spisesteder i Sogndal
© 2017 TripAdvisor LLC

La Pergola i Sogndal er spesialistar på italienske rettar av både kjøt, fisk, kylling, pasta og pizza. Våre dyktige kokkar lagar alt frå botnen og vil gjerne overraske deg med den ekte smaken av Italia.

Bruschetta, carpaccio, parmaskinke og mykje meir – du finn garantert din italienske favorittsmak hjå oss. Me har òg salatar og pizza til deg som føretrekkjer vegetar- eller vegan-kost – og dessertane våre er eit eventyr av sjokolade, bær, fløyte og mykje meir.

Italienske spesialitetar

Me er stolte av tilbodet vårt av smårettar og antipasti. Her finn du spesialitetar som Burrata – ein mozarella-spesialitet frå Puglia; Carpaccio av både okse og laks; ASC-sertifisert scampi; spekefat med parmaskinke og salami; og ikkje minst ferske, heimelaga focaccia og bruschetta. 

Våre Secondi spenner over grillrettar av okse eller hjort, fiskerettar etter sesong, salatar, pasta og pizza. Mange av pastarettane våre vil du kjenne att som klassikarar bygde på favorittar som spaghetti, garganelli, tagliatelle og lasagna. Dessutan har me alltid minst ti variantar av italiensk pizza på menyen.

Uteservering

Som namnet vårt speglar har me ein romsleg, overdekt uteservering med sol til langt på kveld når vêret er med oss. Blir det for friskt ute er du velkomen til å setje deg inn i den trivelige restauranten vår dekorert med lune innslag av anglo-italiensk populærkultur. Frå bordet kan du dessutan følgje med på kokkane våre medan dei gjer sitt ytterste for at måltidet ditt skal bli ei oppleving.

Bar med alle skjenkerettar

La Pergola er også ein sosial møteplass og har ein velfylt bar med alle skjenkerettar. Me har naturlegvis eit godt utval italienske drikkevarer, men me har også eit rikt utval lokale ølsortar frå Balder, Ægir, Voss, og 7 Fjell, i tillegg til ei rekkje kaffidrinkar, cocktails, Prosecco, mineralvatn og juice.


Opningstider

Måndag til søndag: 15:00–23:00
à la carte til 22:00 pizza til 22:30

cash-free-easy-card-payment-smaller.png

Bordreservasjon - La Pergola

Merk at reservasjonen kan bli annullert dersom du ikkje møter innan 15 minutt frå reservert tid. Ved reservasjon for 10 eller fleire personar treng me å avtale meny på førehand. Ring oss gjerne på 57 62 77 45.