• Sogndal Kulturhus (map)
  • Hovevegen 2
  • Sogndal
  • Norway

ALT DET LYSE OG ALT DET MØRKE
Av Brynjulf Jung Tjønn

«Alt det lyse og alt det mørke» er ei sterk forteljing om korleis omsorgssvikt kan gå i arv frå slektsledd til slektsledd. 

Det spesielle er at historia blir fortald frå barnet sitt perspektiv. Vesle Vibeke er glad viss ho berre får vere med faren i tømmerskogen. Under dei dansande snøfillene gløymer ho både kulde og svolt. Men uansett kor hardt ho tviheld på desse lysglimta, forsvinn faren i skuggane. 

Kva så når ho sjølv blir mor i ung alder? Vil ho klare å gi dottera Hildegunn ein lysare oppvekst?

Bak stykket står eit kraftlag frå Vestlandet. Det er andre gongen Miriam Prestøy Lie set i scene ein roman av Brynjulf Jung Tjønn. I 2016 laga ho teater av brageprisvinnande «Så vakker du er» med Thea Hjelmeland på scena, som vart ei ei kritikarrosa framsyning. Arbeidet blir no vidareført med bergensmusikar Selma Frida Stang som miksar elektronisk, pop, folketonar og salmar, og framfører musikken live. Det heile er pakka inn i scenograf Dordi Strøm sitt visuelle, leikande og vakre univers.

Stad: Sogndal kulturhus, Storsalen
Dato: Laurdag 26. januar 2019
Tid: kl. 18:00