Riksteatret: Tung tids tale

Riksteatret: Tung tids tale

Sogndal Kulturhus (map)

Ei perle av ei bok blir teater: "Olaug Nilssen tar pusten fra leseren med sin lille roman" VG, 6. Om ei mors kjærleik og kamp for eit barn som er annleis.

Daniel er tre år, og foreldra gler seg over kor flink han er til å synge og prate. Men så sluttar snakkinga. Latteren vender seg innover. Den vesle guten endrar seg. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga han treng. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Tung tids tale er inga heltehistorie. Det er ei historie om oss alle. Skrive med både humor, sinne og varme. Om ei mor som må gi så mye meir kjærleik enn ho kan få. Om ei mor som møter ei tyngre tid enn ho visste fanst. Midt i Norge, midt i livet, midt i kvardagen til folk.

Olaug Nilssen er ein av våre mest vitale og engasjerte forfattarar, med ein både skarp og inderleg penn, og med Tung tids tale vann ho i fjor Brageprisen. "Ei kjærleikshistorie," kallar ho sjøl boka.

Og når Riksteatret går saman med Det Norske Teatret og Kilden Teater om å lage teater av denne sterkt personlege og kritikarroste romanen, er det Marit Moum Aune som har regien. Ho er ein av våre fremste regissørar, med oppdrag for TV, film og teater, og har tidlegare laga publikumssuksessar av Olaug Nilssens Få meg på, for fanen, Vi har så korte armar og Stort og stygt. For tida er ho aktuell med Engler i Amerika på Nationaltheatret. Med seg har ho dei fire skodespelarane Jon Bleiklie Devik, Julie Moe Sandø, Marianne Krogh og Siren Jørgensen/ Charlotte Frogner, mens dramatiseringa er gjort av Toril Solvang i samarbeid med regissøren og Olaug Nilssen sjølv.

Sogn og Fjordane Teater: Yogakrigen

Sogn og Fjordane Teater: Yogakrigen

Sogndal Kulturhus (map)

26. september kjem Sogn og Fjordane teater med teaterstykket "Yogakrigen", og den blir framført i ein blackbox!

Pust med magen og legg att bekymringane dine utanfor døra. Du er god nok, akkurat slik som du er.

«Pokker ta ho megga som alltid kjem for seint. Og ho der med skilpaddetatoveringa, det er no vel aldri ... kona hans? Ho som står i vegen for mi lukke?».

Før møttest kvinner rundt kjøkkenbordet og snakka saman, no går dei på yoga og snakkar ikkje saman i det heile tatt. Men i tankane brølar dei. I tankane går dei til åtak på kvarandre og ikkje minst seg sjølve med sleivete kommentarar og emosjonelle molotov-cocktailar.

Tenk deg at du kan sjå begge desse parallelle røyndomane - både yogaen og krigen - skje på ein og same gong framfor deg på scena. Kva er verkeleg, og kva er draum? Kva blir sagt, og kva blir tenkt?

I dette stykket er publikum invitert inn i black-boxen i ein yogatime saman med fem damer som alle har sitt å stri med. Ei er åleinemor og lever på fattigdomsgrensa. Ho har fått gratis prøvetime og synest det heile er uvant og temmeleg rart. Ei anna har ei positiv tilnærming til det meste og er alltid på topp. Ei tredje er redd for at ho krympar og kjem til å forsvinne heilt. Ei fjerde eser utover og blir berre større og større. Ho orkar knapt å gå tur med hunden og ser nesten aldri mannen sin, som joggar heile tida. Til slutt er det yogainstruktøren. Ho har minst ro av dei alle.

Yogakrigen er ny, nynorsk dramatikk med urpremiere på Sogn og Fjordane Teater. Det er ei drøymande, assosierande framsyning innanfor rammene av ein streng disiplin. Kvinnene går på yoga for å sleppe unna kvardagen for ei stund. Men på matta er det kvardagen som står i djup strekk med musklar som dirrar under presset. Ein og annan hjernepromp slepp ufrivillig ut. Og ingenting er vel meir morosamt enn hjerneprompar og andre forsnakkingar. 

Dr. Bergland bryter taushetsplikten

Dr. Bergland bryter taushetsplikten

Sogndal Kulturhus (map)

«DR. BERGLAND BRYTER TAUSHETSPLIKTEN» av og med Jonas Kinge Bergland, i storsalen i Sogndal Kulturhus laurdag 20. oktober 2018!

 

En god latter forlenger livet!

Jonas Kinge Bergland er tilbake med en splitter ny forestilling etter suksessen med den kritikerroste «Dr. Bergland og den alternative medisin». Bergland er komiker, lege og idrettsutøver fra Holmlia utenfor Oslo. Vant Komiprisen i 2012

Dine symptomer: støl i magemusklene, sliten i kjevemusklene, inkontinens, sterk rytmisk aktivitet i pusteorganene, krampelignende reaksjoner (type latter), økt produksjon av endorfiner, økt pusteevne, hjertet slår fortere, harmoni, avspenning og generell velvære. Diagnose: du er i ferd med å le deg i hjel av «Dr. Bergland bryter taushetsplikten».

Denne forestillingen hadde premiere på Latter i Oslo våren 2017 og har slått alle salgsrekorder.

Men nå er det altså Sogndal som skal få oppleve en livsforlengende aften og humor på blå resept – VELKOMMEN!

 

Sogn og Fjordane Teater: Eg er i går

Sogn og Fjordane Teater: Eg er i går

Sogndal Kulturhus (map)

Fredag 9. november kjem Sogn og Fjordane Teater til Sogndal Kulturhus med teaterstykket "Eg var i går".

Alvhild og veslesøstera rotar rundt i høyet på jakt etter kattungar når fingrane plutseleg treff kaldt stål. Dei finn skytevåpena som brørne i motstandsrørsla har gøymt. Dei veit godt at dei ikkje må snakke om det, at det er farleg. Likevel snappar tyskarane det opp. Søstrene blir henta av soldatar og avhøyrde på Gestapo-skøyta som ligg til kai i Florø. To av brørne blir sende til konsentrasjonsleir, og éin må gøyme seg i fjellet. Alle tre overlever krigen. Men den eine blir aldri meir seg sjølv.

Historia er sann, fortalt av hundreåringen Alvhild Stafsnes. Ho har alltid følt skuld for det som skjedde. Som den eldste av søstrene skulle ho ha passa betre på, meiner ho. Det er den personlege krigen i krigen.

Denne og mange fleire historier frå 1930 og fram til i dag er iscenesette i Eg er i går. Stykket er resultat av eit stort arbeid ved Sogn og Fjordane Teater. Manus er basert på intervju med eit knippe av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til 100 år. Dei er den siste krigsgenerasjonen. Åra under tysk okkupasjon pregar livet deira, men det er langt ifrå det einaste dei har på lager. Dei fortel om forelsking, lyden av barneføter, det første fjernsynet. Dei bygde vegar som batt grendene i lag, dei bygde landet.

Arbeidsmetoden er ikkje ny for Sogn og Fjordane Teater. Både Burn baby, burn og Saman skal vi leve blei laga på bakgrunn av intervju med verkelege personar. Men der høvesvis småby-rånarane og ungdomsmiljøet rundt avlidne Arve Beheim Karlsen var anonyme, står den eldre garden fram med fullt namn. Dei kjem frå alle delar av Sogn og Fjordane, og representerer eit snitt av dei godt vaksne innbyggarane i fylket. Dei bidreg òg med autentisk fotomateriale frå livet dei har levd.

Menneske i svart-kvitt. Det er slik vi ser dei for oss, dei som har levd ei stund og ikkje lenger går så fort framover. I denne framsyninga deler dei rundhanda av røynslene sine, og det er ei gåvepakke til oss som kjem etter. Vi får kunnskapen vi treng for å forstå kvar vi kjem frå, og denne kunnskapen kan vi i tur dele vidare. Ein vakker dag er det vi som er i går.