Tal rom 115
Doble rom (18 m/balkong) 78
Enkle rom 28
Suiter 3
Juniorsuiter 6
39 rom kan nyttast som familierom

Quality Hotel Sogndal er eit moderne hotell plassert ved Sogndalselva i Sogndal sentrum. Hotellet ligg berre 50 meter frå bussstasjon med ankomst fly-og ekspressbussar, og i gangavstand til ekspressbåt, kjøpesenter, idrettssenter og fotballstadion og kino.


Dobbeltrom

Me har mange ulike typar dobbeltrom, alt frå standard til superior med balkong. Alle romma er renoverte i løpet av siste fem år. Fleire av dobbeltromma kan òg nyttast som familierom med plass for inn til to born. 

Tre av dobbeltromma er handikap-rom.

Alle våre dobbeltrom er funksjonelle og med parkettgolv. Romma har alle fasilitetar som skrivebord, minibar, TV, hårfønar og telefon. Vårtbiletegalleri gir deg eit innblikk i korleis dei ulike kategoriane av dobbeltrom ser ut! Hugs at våre rom bookar du billigast på nordicchoicehotels.no.

• Trådlaust internett
• Minibar
• Flatskjerm-TV
• Frukost
• Telefon
• Hårfønar
• Skrivebord
• Badekar (handikaprom har ikkje badekar)


Suiter

Våre tre suitar og seks juniorsuitar er vår stoltheit. Dei tre suitane er på heile 52 kvadratmeter kvar og har stove, soverom og stort bad. Juniorsuitane er på mellom 32 og 37 kvadratemeter, noko som skulle vera god og romsleg plass for to personar.

På våre suitar og juniorsuitar er det sitjegruppe og god oppbevaringsplass, du finn òg alle fasilitetar som skrivebord, minibar, TV, hårfønar og telefon. Hugs at våre rom bookar du billigast på nordicchoicehotels.no.

• Trådlaust internett
• Minibar
• Flatskjerm-TV
• Frukost
• Telefon
• Hårfønar
• Skrivebord
• Badekar
• Morgonkåpe
• Sitjegruppe


Enkeltrom

Standard enkeltrom er funksjonelle, reine og lyse med parkettgolv. Romma har alle fasilitetar som skrivebord, minibar, TV, hårfønar og telefon. Enkeltromma vart pussa opp våren 2013 og held høg kvalitet. I tillegg til den behagelege atmosfæren på rommet får du som gjest ei behageleg og stor seng på 150 centimeter!

• Trådlaust internett
• Minibar
• Flatskjerm-TV
• Frukost
• Telefon
• Hårfønar
• Skrivebord
• Badekar