Quality Hotel Sogndal er eit moderne hotell plassert i sentrum av Sogndal ved Sognefjorden. Plasseringa gjer hotellet til den perfekte base for unike naturopplevingar i Sognefjordområdet, i tillegg til å vere eit viktig konferansehotell på Vestlandet.
Nedlastbare hotellbrosjyrar (PDF):
- Norsk
- Engelsk
- Tysk
- Japansk
Sogndal er det perfekte utgangspunkt for fjell- og fjord-aktivitetar. Sommaraktitivitetar med m.a. rafting, gardsbesøk, museum, stavkyrkjer, kajakk og fjordturar. Vinterstid byr Sogndal på to skisenter, begge med flotte skiløyper, alpint, toppturar og isklatring. ?Korte avstandar til Jostedalsbreen, Flåmsbana og Nærøyfjorden. Finn ut meir på www.sognefjord.no
I 2011 vart Sogndal kåra til Noregs beste UTEstad, noko me er særs stolte av!

20.oktober 2010 blei ein magisk dag for Sogndal, då rykka Sogndal Fotball opp i Tippeligaen igjen! Vi er ein av mange stolte sponsoarar som gler oss til ein ny og spanande fotballsesong!
Quality Hotel Sogndal er miljøsertifisert som eit ledd i Nordic Choice Hotels si store miljøsatsing. ISO 14001 frå Det Norske Veritas sikrar at hotellet arbeider kontinuerlig med å redusere energiforbruk, avfall, kjemikaliar, transport og vatn. Alle tilsette har gått gjennom miljøopplæring og arbeidd med implementering og tiltak og me arbeider stadig vidare med nye ambisiøse miljømål. Les meir her
Allereie i 2003 starta Nordic Choice Hotels sitt ENØK-program, «Choice Energy». Sidan den gongen har kjeda kutta sitt energiforbruk med meir enn 20%. Nordic Choice har sidan 2007 inngått avtale om kjøp av opprinnelsesgarantert straum frå fornybare energikilder. Nordic Choice serverer alle sine gjester økologisk frukost og har inngått ein langsiktig avtale med Regnskogsfondet om støtte til bevaring av 100 kvm tropisk regnskog for kvar gjestenatt gjennom heile året.
Quality Hotel Sogndal
Gravensteinsgata 5
6856 Sogndal
Telefon: 57 62 77 00
Telefax: 57 62 77 40
E-post: q.sogndal@choice.no
Jørgen Christian Lindstrøm
jorgen.christian.lindstrom@choice.no