Reiseinformasjon


Båt

Heile året går det ekspressbåt til og frå Bergen sentrum og Sogndal, og på turen innover Sognefjorden er desse båtane innom både Vik, Balestrand og Leikanger.


Buss

Hotellet ligg berre 50 m frå busstasjonen, og herfrå går det direktebussar til / frå Oslo, Bergen og Trondheim fleire gonger for dagen. For meir informasjon og rutetider sjå www.fjord1.no tlf. (+47) 57 65 95 12


Fly

Widerøe har fleire daglege avgangar frå Oslo og Bergen direkte til Sogndal Lufthamn heile året. Flyturane tek omlag 30 min frå Bergen og 45 min frå Oslo. Det finst også fleire andre ruter til og frå Sogndal. www.wideroe.no


Eigen bil

For informasjon om vegar og køyreforhold sjå sidene til Statens Vegvesen eller ring dei på telefon 175. På www.fjord1.no finn du ferjeruter for Sognefjorden.