Forslag til aktivitetar

Det fins masse aktivitetar ein kan bli med på og attraksjonar å vitje når ein er på besøk i Sogndal. Vi skreddarsyr gjerne ein pakke til deg, eller kjem med forslag til ein eller fleire aktivitetar i løpet av eit opphald. Vi har lista opp nokre populære aktivitetar under, ta kontakt med oss for ei rekkje andre forslag.

 

RIB-tur på Sognefjorden, både sommar og vinter! 

 

Brevandring på Nigardsbreen (mai-september)

 

Padle kajakk på Sognefjorden eller kanskje vil du prøve deg på kajakkpadling på isbrevatn?

 

- Guida fjelltur, skitur, isklatring mm

 

 Sogn Folkemuseum på Kaupanger har mykje spanande aktivitetar gjennom heile året, i tillegg til interessante  utstillingar.

 

- Fjellfiske eller kanskje juving i Leirdalen?

 

- På huset kan vi arrangere quiz, vinsmaking,  og ulike "kurs" som f.eks. glasmåling, oljemåling og smykkelaing (for både damer og herrer!)

 

 

For fleire aktivitetar i Sognefjordområdet, besøk www.sognefjord.no

 

 

 


Foto: Tor Yttri

Molecule & Netflex Sviggum Design