Kanskje er vêret ruske, eller de har begrensa med tid. I so fall kan det vere kjekt med ein aktivitet som ein kan gjennomføre innanfor hotellets vegger. Då har vi mange forslag til deg!
- Quiz. Vi har ved fleire høve arrangert Quiz med stor suksess, dette passar perfekt på grupper frå 15-100 personar! Dei lokale Quizheltane Frode & Jon Navarsete skreddarsyr Quiz til ditt arrangement, og legg inn både bilete, melodiar, geografi og om ynskjeleg: spesielle tema.
- Motivasjonsføredrag. Vi har namn på populære føredragshaldarar, både lokale og kjende namn
- Kurs i f.eks. glasmåling og lerretsmåling, dette er kurs som kan haldast på ca 2,5 time, og der alle får med seg sin eigenprodusertene ting heim!
- Vinsmaking / cognagsmaking
Vi har eigen frisør-og hudpleiesalong på hotellet!
Salong Mojgan starta opp i midten av februar, og tilbyr mange ulike tenester innafor klypp, farge, hudpleie, massasje osv. Ta kontakt med dei på 91 51 77 77 for meir info og timebestilling, det kjem snart ein brosjyre hit med oversikt over alt dei tilbyr, samt prisar. Opningstider: Salongen er open mån-laur frå ca kl 10, opningstidene vil variere noko så ring gjerne på førehand.
Aktivitetar på hotellet